Romsdalshalvøya
Interkommunale
Renovasjonsselskap IKS
RIR Næring

Vis respekt for asbest

RIR har laga detaljerte retningslinjer for levering av asbest. Dette av omsyn til kunden og dei tilsette.

For større mengder bør du kontakte ei bedrift som har godkjenning for asbestsanering. Privatpersonar som vil ta hand om asbest sjølv, må skaffe seg verneutstyr og godkjent emballasje.

Asbesthaldig materiale var i bruk i bygningar og installasjonar frå om lag 1920 til 1985. Då kom totalforbodet på grunn av helserisiko ved innpusting av asbestfiber. Lungekreft, lungehinnekreft og asbesteose er sjukdommar som kan oppstå på grunn av asbest. Asbest har vore i bruk i bygningsplater på veggar og tak, isolasjonsmateriale rundt kjelar og rør, golvbelegg, ventilasjonskanalar og i eternittrør for vatn og avløp.

-RIR har laga detaljerte retningslinjer for mottak av asbest både frå private og næringsdrivande, opplyser miljø-, kvalitets-og sikkerhetsansvarleg ved RIR, Lars-Magnus Sundfør. Han presiserer at det er ulovleg å grave ned asbesthaldig avfall. Asbest skal deponerast på godkjent deponi.

Her er nokre viktige moment for folk som vil fjerne og levere asbesthaldig materiale på eiga hand:

SMÅ MENGDER (0 - 25 kg):
  • Har du bare litt (verandakasser eller små bitar av eternitt) skal desse leverast i kraftig plastemballasje, solid teip i alle skjøtar eller opningar. Merk pakka med ASBEST.
  • Du får orientering i kundemottaket om kvar du kan legge dette.
  • Privatpersonar kan levere inntil 1000 kg gratis.
STØRRE MENGDER (PALLESTORLEIK):
  • Asbestavfallet skal vere stabla på pall.
  • Stabelen skal vere pakka inn i 2 lag plast av typen «bygningsplast». Plasten skal vere rundt heile stabelen.
  • Alle skøytar og brettar skal vere teipa med sterk teip.
  • Pallen skal vere tydeleg merka med ASBEST.
  • Makshøgde på pallen er 1 meter.
På eit område som er spesielt avsett for dette, vil vi hjelpe til med å løfte pallen av med gaffeltruck / hjullastar. Vi er svært glade om den som har asbest for levering ringer på førehand og avtaler levering av dette.

Kva gjer de dersom nokon kjem til RIR-anlegget med asbest som ikkje er forskriftsmessig innpakka?

-Da har folk to valg. Dei kan ta med seg asbestavfallet heim og utføre forskriftsmessig emballering, eller dei kan få ein tilvist plass her på anlegget der dei kan pakke inn asbesten i solid plast og tape alle opningar slik retningslinjene stiller krav om. For å utføre denne innpakkinga må dei ta på seg verneutstyr (tett kjeledress, hanskar og pustemaske). Vi har også plastsekkar av godkjent kvalitet.

Dette utstyret kan kjøpast her ved RIR. Verneutstyret er eingongsutstyr. Vi anbefaler ikkje folk til å sanere asbest sjølv. Ved riving må fleirgongsmaske brukast. Det er viktig at asbeststøv ikkje blir spredd i området rundt og til naboar. Verneutstyr kan også kjøpast hos byggevarebutikkar, opplyser Lars-Magnus Sundfør.